










Har du lyst på ein kjekk sommarjobb på Vossestrand Omsorgstun? Sommarjobb på Vossestrand Omsorgstun Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats. Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga? Då har vi jobben for deg! På Vossestrand Omsorgstun er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i ferien. Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.