










Har du lyst på ein kjekk sommarjobb? Heimetenesta på område vest søkjer ferievikarar Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga? Då har vi jobben for deg! På område vest, i heimesjukepleien og heimehjelpa, er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i sommar. Alle sommarvikarar hjå oss får felles informasjon og opplæring før tiltreding. Me tilbyr * Ein spanande, meiningsfull og lærerik sommarjobb. * Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø. * Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. * E-læringskurs, medisinkurs og god opplæring i arbeidet. Arbeidsoppgåver * Heimetenesta tilbyr tenester til brukarar i heimen i form av heimesjukepleie og heimehjelp. * Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, personleg bistand, tilrettelegging av måltid, dokumentering og praktisk arbeid. * All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for brukar. * Individuell tilnærming er viktig i fht den enkelte bruker. Arbeidstid er turnus med dag, kveld og helgearbeid.