


Gjennom ein sommarjobb hos oss får du praksis og innsikt i dei spennande fagområda våre, samt erfaring frå offentleg forvaltning. For avdeling for pengespel og avdeling for frivilligheitsstøtte vil sommarjobben vare ca. ein til to månader, med oppstart 22. juni. Ved Stiftelsestilsynet vil sommarjobben vare ca. to månadar, gjerne oppstart før 22. juni.Dette vil du jobbe medPå avdeling for pengespel er vi ute etter to jusstudentar som er ferdig med to år av studiet eller meir Jobben vil hovudsakleg handle om tilsyn med ulovlege pengespel på nett, spesielt marknadsføring og DNS-blokkering. På avdeling for frivilligheitstøtte er vi ute etter to juss- eller økonomistudentar som er på siste del av studieløpet (4. eller 5. året) Jobben vil hovudsakleg handle om oppgåver knytt til forvaltning av tilskotsordningar, forenkling for frivillig sektor og tilskudd.no. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kvalifikasjonane til den som blir tilsett. På Stiftelsestilsynet er vi ute etter to studentar innan juss, økonomi, samfunnsvitskap eller annan utdanningsbakgrunn. Du kan gjerne vere førsteårsstudent. Jobben vil hovudsakleg handle om oppfølging og kvalitetssikring av Stiftelsesregisteret. Dersom du er kvalifisert til fleire av stillingane, skriv gjerne kva avdeling du helst ønsker å jobbe i.